Aktivitet: Etikk

Korleis jobbe med kompetanseutvikling innanfor dette kompetanseområdet? Her får du forslag til aktivitetar og refleksjonsoppgåver du kan gjere åleine eller saman med kollegaer.

Sjå refleksjonsfilm og reflekter over eigen kompetanse 

Sjå filmen med to karriererettleiarar som fortel om si forståing og sine refleksjonar knytt til kompetanseområdet Etikk.

Etter at du har sett filmen kan du reflektere rundt desse spørsmåla:

  • Kva tankar har du om dette kompetanseområdet?
  • Kva opplever du å ha god kompetanse på og kva ønskjer du å lære meir om?
  • Kva vil det seie å ha god etisk praksis? Kva gjer du for å utvikle din etiske praksis? Kva gjer du og kor medviten er du på personvern og konfidensialiteten du har overfor veisøkjar i samtalar med andre?
  •  Kvifor er det viktig å avklare forventingane veisøkjar har til rettleiinga? 

Reflekter åleine eller i gruppe 

Kva tyder det å møte veisøkjar med openheit og respekt? Kva er god rolleforståing? Og kvifor er etisk kompetanse viktig?

Her kan du laste ned eit foilsett med refleksjonsoppgåver til kompetanseområdet Etikk. 

Du kan bruke spørsmåla til å reflektere åleine eller saman med kollegaer.

Refleksjonsoppgåver

Dei etiske retningslinjene som støtte i praktisk rettleiing

Utforsk filmserien Etisk refleksjon i team og reflekter rundt:

  • Korleis kan etiske retningslinjer gi deg støtte i din praktiske kvardag som karriererettleiar? 
  • Korleis kan etiske retningslinjer utvikle evna til å kjenne att etisk utfordrande situasjonar? 
  • Kva handlingsalternativ har du?


Korleis kan du utvikle din etiske kompetanse gjennom kollegarettleiing? 

Kollegarettleiing er ei arbeidsmetode der kollegaer bidreg til kvarandre si kompetanseutvikling ved å ta utgangspunkt i etiske utfordringar og dilemma. Rettleiinga kan føregå gjennom observasjon og strukturerte samtalar.
Korleis kan de gjennomføre kollegarettleiing? Bruk gjerne ressursen under som støtte.