Kollegaveiledning

Korleis kan du utvikle den etiske kompetansen din gjennom kollegarettleiing?

Korleis kan du utvikle den etiske kompetansen din gjennom kollegarettleiing?

Kollegarettleiing er ein arbeidsmetode der kollegaer bidrar til kompetanseutviklinga til einannan ved å ta utgangspunkt i etiske utfordringar og dilemma. Rettleiinga kan gå føre seg gjennom observasjon og strukturerte samtalar.
 

Lær om korleis du kan jobbe med kollegarettleiing gjennom erfaringane til andre, og få tips til korleis du kan kome i gang. Her får du møte Margrethe frå karriereveiledning.no, som fortel om korleis dei jobbar konkret med kollegarettleiing.

  • Sjå gjerne filmen saman med kollegaene dine, og snakk om korleis de jobbar med kollegarettleiing. 
  • Kva kan de ta med dykk frå erfaringane til karriereveiledning.no sine? 
  • Korleis kan de legge opp arbeidet med kollegarettleiing saman? 
  • Kor kan de begynne?


Nedst finn du modellen som karriereveiledning.no nyttar for kollegarettleiing. 

Modellen er utvikla av Sesilie Ådland frå Vestland fylkeskommune. Du er velkomen til å laste han ned og bruke han i din eigen praksis.


Fem tips til kollegarettleiing

Planlegg de å sette i gang med kollegarettleiing? Få med dykk desse fem tipsa på vegen. 

  1. Finn ut kva de ønskjer å oppnå gjennom kollegarettleiinga.
  2. Sett av fast tid. Forplikt dykk til å delta.
  3. Ha ein struktur, til dømes gjennom å bruke ein fastsett modell. 
  4. Øv! Det kan ta tid å bli komfortabel. 
  5. Løft òg fram gode rettleiingssamtalar, og ikkje berre dei som er utfordrande. 
  6. Forslag til rettleiingsmodell.