- Kategorier
- Praksiseksempel
- Korleis snakke med studentar om jobberfaring
Korleis snakke med studentar om jobberfaring
Har du høyrt om begrepet deltidsjobb-progresjon? Høyr korleis karriererettleiar Marianne Fuglestrand ved Universitetet i Oslo karriere snakkar med studentane om relevant deltidsjobb.
Marianne har jobba som karriererettleiar i til saman åtte år. Dei fire første åra jobba ho med karriereveiledning retta mot flerkulturelle veisøkere i Nav. Dei fire siste åra har ho jobba som karriererettleiar ved Universitetet i Oslo med studenter som målgruppe.
- Deltidsjobb-progresjon var eit begrep som eg plutselig kom på i eit møte med kollegaene mine. Vi snakka om korleis vi best mulig kan tematisere for nye studenter at deltidsjobb er verdifullt utover det å tjene pengar, fortel Marianne.
Hun seier vidare:
- I ordet «progresjon» ligg det ei betyding av at noko er i bevegelse og prosess. Eg syntes deltidsjobb-progresjon var passande for å vise til at ein kan utvikle seg på ulike måtar gjennom erfaringar, også deltidsjobbar. Erfaringar byggjer på kvarandre.
Som student er det fullt mogleg å bruke studietida til å utforske ulike oppgåver og roller gjennom til dømes deltidsjobbar. På den måten kan ein oppleve at ein har progresjon i læring, ansvar og erfaring.
Eg seier ikkje at det er negativt å ha same deltidsjobb i mange år, men eg ønsker å bevisstgjøre studentane om at moglegheitene for å skaffe seg relevante erfaringar på ulike måtar er der.