Kompetanseutvikling: Etikk

Kompetanseområdet Etikk handlar om å utøve etisk god praksis i karriererettleiinga. Det kan vere å reflektere systematisk over eigen praksis og forhalde seg konkret og reflektert til dei etiske retningslinjene for karriererettleiing. Etikk er eit tverrgåande tema som skal bidra til eit felles etisk fundament i karriererettleiing.

Etikk

Som karriererettleiar vil du oppleve å stå i etisk utfordrande situasjonar og møte på etiske dilemma i rettleiinga.

Kjenner du dei etiske retningslinjene for karriererettleiing? Er du medviten om eigne verdiar og haldningar i rettleiinga? Og er du medviten om korleis rolla di, kroppsspråket ditt og korleis du uttrykkjer deg, kan påverke veisøkjar og rettleiinga?

Kva kan vere ein god prosess for deg når du skal i gang med kompetanseutvikling innanfor dette kompetanseområdet?

I serien Kompetanseutvikling får leiarar og karriererettleiarar tips til korleis ein kompetanseutviklingsprosess kan sjå ut. Prosessen er delt inn i steg, og du vel sjølv kor lang tid du vil bruke på kvart steg. Det er òg eit godt tips å alternere mellom steg 4, 5 og 6.

Kompetanseutvikling for område 2: steg for steg

1

Sjå fagfilmar

2

Gjennomfør sjølvevalueringa Mi kompetanse for dette kompetanseområdet

3

Set deg inn i kompetanseområdet og delkompetansane

4

Fagleg fordjuping

5

Aktivitet: refleksjon og læring

6

Gjennomfør Mi kompetanse på nytt

1

Steg 1: Sjå fagfilmar

Sjå fagfilm om kompetanseområdet

Det første du kan gjere er å sjå fagfilmen til kompetansestandardane med fokus på delen om Etikk. Denne filmen gir deg eit godt utgangspunkt i det vidare arbeidet med kompetanseutvikling.

Sjå fagfilm om Etikk

Etikk er både eit kompetanseområde i Kompetansestandardane og ein eigen del i Kvalitetsrammeverket. Det kan derfor vere fint å òg sjå fagfilmen som er laga til temaområdet Etikk.

2

Steg 2: Gjennomfør selvevalueringa Mi kompetanse

Gjennomfør selvevalueringa Mi kompetanse

Teste deg selv ved å gjennomføre selvevaluering av kompetansen din innenfor dette kompetanseområdet. Da vi du få en forståelse av hva du allerede har av kompetanse, og hva du kanskje ønsker å utvikleTest deg sjølv ved å gjennomføre sjølvevaluering av kompetansen din innanfor dette kompetanseområdet. Då vil du få ei forståing av kva du allereie har av kompetanse, og kva du kanskje ønskjer å utvikle.

3

Steg 3: Set deg inn i kompetanseområdet og delkompetansane

Set deg inn i kompetanseområdet og delkompetansane

Set deg inn i kompetanseområdet Etikk. Kompetanseområdet skildrar den kunnskapen, dei ferdigheitene og den generelle kompetansen du som karriererettleiar bør ha innanfor dette området.

4

Steg 4: Fagleg fordjuping

Fagleg fordjuping

Etikk er eit eige kompetanseområde i kompetansestandardane og ein eigen del i Kvalitetsrammeverket. Når du skal fordjupe deg i temaet Etikk, kan det derfor vere lurt å lese det som står om Etikk i rammeverket. Det finst òg mykje fagstoff innan kompetanseområdet Etikk. Det er opp til deg kva du vil utforske vidare.

5

Steg 5: Aktivitet: refleksjon og læring

Aktivitet: Refleksjon og læring

Korleis jobbe med kompetanseutvikling innanfor dette kompetanseområdet? Her får du forslag til aktivitetar og refleksjonsoppgåver.

6

Steg 6: Gjennomfør Mi kompetanse på nytt

Gjennomfør Mi kompetanse på nytt

Kva skjer når du tek sjølvevalueringa ein gong til? Kor har du utvikla kompetansen din på Etikk? Korleis opplevde du å jobbe på denne måten? Reflekter gjerne for deg sjølv eller saman med kollegaer. Korleis opplevde de kompetanseutviklingsprosessen?

Gå tilbake til kompetanseutvikling

Gå tilbake til Kompetanseutvikling for å gjennomføre neste modul